Om Vest Tryggleik

Praktisk erfaring med førebygging, tryggleik og beredskap

Bak Vest Tryggleik står Ruben Medhus, med fagbrev som elektrikar og brei erfaring frå brann og redning, beredskapsleiing og naudmeldetenesta.

Erfaringa spenner frå bustader, industri og offshore til operativ innsats, opplæring og koordinering av nødhendingar. Det gir eit praktisk utgangspunkt for å hjelpe verksemder med å forstå risiko, førebyggje hendingar og vere betre førebudde når noko skjer.

Ruben Medhus, Vest Tryggleik

Fagkunnskap frå fleire sider av tryggleiksarbeidet

Elektrikar, med erfaring frå industri og offshore

Praktisk erfaring med elektriske installasjonar, tekniske anlegg, planlegging og gjennomføring av arbeid. Denne bakgrunnen gir innsikt i arbeidskvardagen til tekniske verksemder og samspelet mellom menneske, utstyr og rutinar.

Brannkonstabel og røykdykkar

Erfaring frå brann og redning, med operativ innsats og øvingsarbeid. Det har gitt forståing for korleis brann og ulykker utviklar seg, og kor mykje tidleg varsling, frie rømningsvegar og gode førebuingar betyr.

Avdelingsleiar beredskap

Som tidlegare avdelingsleiar beredskap har Ruben hatt ansvar for åtte brannstasjonar og over 70 deltidsmannskap. Arbeidet omfatta mellom anna beredskap, HMS, prosedyrar, opplæring og planlegging av øvingar.

Innsatsleiar brann

Erfaring med å leie og samordne innsats, vurdere risiko og prioritere tiltak under tidspress. Denne erfaringa er relevant når verksemder skal avklare ansvar, lage tiltakskort og øve på handtering av uønskte hendingar.

Nødmeldeoperatør 110

Erfaring med mottak av nødsamtalar, innhenting av kritisk informasjon og koordinering av ressursar i samarbeid med andre nødetatar. Det gir eit nært innblikk i dei første kritiske minutta, og kva informasjon og førebuingar som hjelper når det hastar.

Kva betyr dette for verksemda di?

Du møter ein rådgivar med erfaring frå både førebygging, leiing og handtering av reelle hendingar. Målet er å gjere tryggleiksarbeidet forståeleg og gjennomførbart, med tydelege ansvar, nyttig dokumentasjon og øvingar som passar arbeidskvardagen.

Vest Tryggleik hjelper med kartlegging, beredskapsplanar, tiltakskort, kurs og praktiske øvingar. Arbeidet blir tilpassa risikoen, storleiken og behova i verksemda.

Med base på Halsnøy i Kvinnherad har Vest Tryggleik lokal forankring i Vestland.

Skal me sjå på beredskapen i verksemda di?

Ta kontakt for ein uforpliktande prat om kva de har på plass, og kva de ønskjer hjelp med.

Vest Tryggleik

Chat med Ruben

Hei! Velkomen til Vest Tryggleik.

Har du spørsmål om branntryggleik, beredskap, kurs eller sikkerheitsutstyr?

Send meg gjerne ei melding, så svarar eg så snart eg kan.

Helsing Ruben, Vest Tryggleik

Chatten blir levert av tawk.to. Når du samtykkjer, kan tawk.to bruke informasjonskapslar og lokal lagring for samtalen og registrere IP adresse, nettlesar og besøkte offentlege sider. Namn, epost og meldingar du sjølv sender, blir behandla av Vest Tryggleik og tawk.to. Data kan bli behandla utanfor EØS.

Chatten får ingen kontoopplysningar frå portalane. Ikkje send passord, helseopplysningar eller annan sensitiv informasjon.

Du kan trekkje samtykket tilbake via «Personvern for chat». Les meir om personvern, eller kontakt oss på epost.