Tryggleik for deg og dei du er glad i

Sikkerheitssjekk heime

Ein roleg og praktisk gjennomgang av heimen, med konkrete råd som er enkle å følgje opp.

Frå 1 490 krOrdinær pris 1 990 kr

Inntil 60 minutt gjennomgang, enkel skriftleg oppsummering. Eventuelle reiseutgifter kjem i tillegg og blir avtalte på førehand.

Dette går me gjennom

Små tiltak kan gjere ein stor forskjell

Sjekken tek utgangspunkt i bustaden, kven som bur der og korleis de brukar heimen i kvardagen.

✓
RøykvarslararPlassering, tal, testing og vedlikehald.
✓
SløkkjeutstyrTilgang, plassering og enkel bruk.
✓
RømmingsvegarFrie vegar ut og tilpassa løysingar.
✓
Lading og elektrisk brukPraktiske vanar rundt lading og utstyr.
✓
Oppvarming og kjøkkenTypiske risikopunkt i kvardagen.
✓
Behov i husstandenBarn, eldre og personar som kan trenge hjelp.

Introduksjonspris frå 1 490 kr

Du får inntil 60 minutt gjennomgang og ei enkel skriftleg oppsummering.

Bestill no
Kven passar tenesta for?

Ei ekstra trygg kjensle heime

Tenesta passar for alle som ønskjer eit fagleg blikk på tryggleiken i bustaden, utan kompliserte rapportar eller unødvendig uro.

BarnefamiliarFå oversikt over rømming, varsling og vanlege risikopunkt i ein travel kvardag.
Eldre som bur heimePraktiske råd tilpassa rørsle, høyrsel, varsling og behov for hjelp.
PårørandeEi konkret gjennomgang som kan gi betre oversikt og større ro.
Kva er forskjellen?

Sikkerheitssjekken erstattar ikkje brannvesenet

Brannvesenet og Vest Tryggleik har ulike roller. Tenesta vår er eit frivillig, førebyggjande tillegg for deg som ønskjer meir tid, ei personleg gjennomgang og konkrete råd i eigen heim.

Brannvesenet

Brannvesenet er ein offentleg nødetat med ansvar for mellom anna beredskap, innsats ved brann og ulykker, og lovpålagde førebyggjande oppgåver.

  • Rykkjer ut ved brann og andre akutte hendingar
  • Utfører offentlege førebyggjande oppgåver
  • Kan gjennomføre tilsyn og målretta tryggleiksarbeid

Vest Tryggleik

Du bestiller sjølv ei praktisk og rådgivande gjennomgang, tilpassa bustaden og dei som bur der.

Sikkerheitssjekken blir utført av person med fagbrev som elektrikar og lang operativ erfaring frå brann og redning.

  • Inntil 60 minutt heime hos deg
  • Råd om varsling, sløkking, rømming og kvardagsrisiko
  • Enkel skriftleg oppsummering med prioriterte tiltak

Kort sagt: Brannvesenet tek hand om offentlege oppgåver og akutte hendingar. Vest Tryggleik gir deg bestilt, personleg og praktisk rettleiing. Ved brann eller annan akutt fare skal du alltid ringje 110.

Greitt å vite

Tydeleg pris, praktisk hjelp

Sikkerheitssjekken er ei rådgivande gjennomgang og erstattar ikkje kontroll frå godkjend fagverksemd der det er krav om det.

Pris

Introduksjonspris frå 1 490 kr. Ordinær pris 1 990 kr.

Reise

Eventuelle reiseutgifter kjem i tillegg og blir alltid avtalte på førehand.

Oppfølging

Du får ei enkel skriftleg oppsummering av observasjonar og tilrådde tiltak etter besøket.

Bestill sikkerheitssjekk heime

Send namn, adresse, telefonnummer og ønskt tidspunkt. Du får stadfesting av pris og eventuelle reiseutgifter før avtalen blir sett opp.

Epost: post@vesttryggleik.no

Vest Tryggleik

Chat med Ruben

Hei! Velkomen til Vest Tryggleik.

Har du spørsmål om branntryggleik, beredskap, kurs eller sikkerheitsutstyr?

Send meg gjerne ei melding, så svarar eg så snart eg kan.

Helsing Ruben, Vest Tryggleik

Chatten blir levert av tawk.to. Når du samtykkjer, kan tawk.to bruke informasjonskapslar og lokal lagring for samtalen og registrere IP adresse, nettlesar og besøkte offentlege sider. Namn, epost og meldingar du sjølv sender, blir behandla av Vest Tryggleik og tawk.to. Data kan bli behandla utanfor EØS.

Chatten får ingen kontoopplysningar frå portalane. Ikkje send passord, helseopplysningar eller annan sensitiv informasjon.

Du kan trekkje samtykket tilbake via «Personvern for chat». Les meir om personvern, eller kontakt oss på epost.